Skulehaldarar i det førmoderne Noreg – mellom barken og veden?
Samandrag Denne artikkelen freistar å analysere kva posisjon omgangsskulelæraren hadde i norske bygder før midten av 1800-talet i forhold til den påståtte kulturelle todelinga i ein embetsmannskultur og ein bondekultur. Er det rimeleg å seie at skulehaldaren inntok ein posisjon mellom de...
Saved in:
| Main Author: | |
|---|---|
| Format: | Article |
| Language: | Norwegian Bokmål |
| Published: |
Scandinavian University Press
2021-01-01
|
| Series: | Heimen |
| Subjects: | |
| Online Access: | https://www.idunn.no/heimen/2021/01/skulehaldarar_i_det_foermoderne_noreg_mellom_barken_og_ved |
| Tags: |
Add Tag
No Tags, Be the first to tag this record!
|
| Summary: | Samandrag
Denne artikkelen freistar å analysere kva posisjon omgangsskulelæraren
hadde i norske bygder før midten av 1800-talet i forhold til den
påståtte kulturelle todelinga i ein embetsmannskultur og ein bondekultur.
Er det rimeleg å seie at skulehaldaren inntok ein posisjon mellom
desse to kulturane? Gjennom analysen av ein konflikt mellom bønder og
styresmakter i Vågå tidleg på 1800-talet vert maktaspekt ved posisjonen
til skulehaldarane tematisert. Sjølv om skulehaldaren kan seiast
å stå i ein mellomposisjon i kraft av å vere i ein relasjon til
presten, forankra i den såkalla hustavle-ideologien, var denne posisjonen
ikkje nødvendigvis stadfesta innanfor bondekommunale arenaer. Førekomsten
av ulike ideologiar og maktprinsipp innanfor bygdesamfunnet gjer
såleis at posisjonen til skulehaldaren ikkje var nokon eintydig
mellomposisjon. For dei fleste var dessutan stillinga som skulehaldar
avgrensa i tid til perioden før ein gifta seg og stifta levebrød,
noko som gav mellomposisjonen deira ein flyktig karakter. Skulehaldarar som
gjorde lærarstillinga til ein livsveg, kunne likevel – gjerne gjennom
utviklinga av ein personleg relasjon til presten – akkumulere tilstrekkeleg
kulturell kapital til at ein posisjon mellom embetsmanns- og bondekulturen
vart fastare og meir stabil. Uansett gjorde førekomsten av ein slik
posisjon som skulehaldaren representerte, at forholdet mellom dei
to kulturane i det store og heile vart mindre skarpstilt enn det
ein gjerne har sett føre seg. |
|---|---|
| ISSN: | 0017-9841 1894-3195 |