Praksis møter disiplinfag: Ein studie av situert mentoring og korleis mentorar utforskar og legg til rette for sosiologisk arbeidspraksis
Trass i ei vedvarande merksemd retta mot arbeidslivsretting av høgare utdanning i norsk offentleg politikk dei siste 50 åra har utdanningsinstitusjonane framleis relativt lite samarbeid med arbeidslivet. I denne studien er eit praksissamarbeid mellom sosiologiprogrammet ved Høgskulen på Vestlandet o...
Saved in:
| Main Authors: | , , , |
|---|---|
| Format: | Article |
| Language: | Norwegian Bokmål |
| Published: |
Universitetsforlaget
2025-03-01
|
| Series: | Søkelys på Arbeidslivet |
| Subjects: | |
| Online Access: | https://www.scup.com/doi/10.18261/spa.42.2.1 |
| Tags: |
Add Tag
No Tags, Be the first to tag this record!
|
| Summary: | Trass i ei vedvarande merksemd retta mot arbeidslivsretting av høgare utdanning i norsk offentleg politikk dei siste 50 åra har utdanningsinstitusjonane framleis relativt lite samarbeid med arbeidslivet. I denne studien er eit praksissamarbeid mellom sosiologiprogrammet ved Høgskulen på Vestlandet og eit utval praksisverksemder i arbeidslivet i fokus, med eit mål om å undersøke mentorane sine erfaringar med disiplinfagleg arbeidspraksis. Studien er kvalitativ og byggjer på intervju med åtte mentorar som følgde sosiologistudentar i praksis i perioden 2019–2023. Analysen syner at mentorar ønskjer å utføre si rolle på ein kompetent måte, men at dei i mindre grad kan stø seg på fagleg kunnskap og tidlegare praksis når dei møter sosiologistudentane. Vi finn to typar problemsituasjonar der ei pragmatisk mentorutprøving skjer: utforming av mentorrolla og forståing av sosiologisk kunnskap. Det viktigaste funnet i studien er at praksisordninga i sosiologi står i kontrast til ein klassisk modell av meisterlæring. Mentorane opplever sjølv at dei manglar kunnskap om faget sosiologi, og i relasjon til studenten går dei dermed fram på ein meir open og utforskande måte enn det ein gjerne finn i meister–lærling-relasjonen. Mentorane si tilnærming inneber altså like mykje kunnskapssøking som kunnskapsoverføring. |
|---|---|
| ISSN: | 1504-8004 1504-7989 |